- Enorm kostnadsauke for bøndene
Bøndene ber om hastemøte med fleire departement.
På grunn av dei høge straum- og gjødselkostnadene i 2021 og 2022 ber Bondelaget regjeringa love å kompensere ekstrautgifter i jordbruksoppgjeret i vår.
– Bøndene står framfor ein ny vekstsesong med enorm kostnadsauke og stor uvisse. Vi treng ei forsikring frå staten om at kostnadene skal kompenserast, og det raskt, seier leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag.
Les også
Hastemøte
Saman med Norsk Bonde- og Småbrukarlag
ber no Bondelaget om hastemøte med Finansdepartementet, Olje- og
energidepartementet og landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) for å
drøfte moglege løysingar som skal avhjelpe den krevjande økonomiske
situasjonen.
I møta vil bondeorganisasjonane ta opp at straumordninga må styrkast for landbruket.
Dei peikar vidare på at internasjonale sterke kostnadsauker rammar det norske landbruket, og at pengane som kjem i jordbruksoppgjeret, må komme tidsnok. Ifølgje Bondelaget har landbruksministeren allereie takka ja til å møte dei tysdag.
Publisert: 10.01.2022 08:17
Sist oppdatert: 10.01.2022 08:26