Alta vassdraget IKKE GJENBRUK aksjon foto ntb
ALTA-AKSJONEN: Det kan bli nye kampar om utbygging av vassdrag i Noreg. Her frå kampen om Alta-vassdraget i 1979. Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB / NPK
Nytt

Ny kamp om verna vassdrag

Ap, Høgre og Frp opnar for ny utbygging av vasskraft - og miljørøsla er klare til kamp.

07.01.2022

(NPK-NETT.NO): Det bryggjer opp til ny kamp om utbygging av verna vassdrag etter at både Ap, Høgre og Frp har opna for å vurdere saker på nytt.

Debatten er i gang etter at energipolitiske talsmann Terje Lien Aasland i Arbeidarpartiet i eit intervju med Klassekampen opna for å sjå på om det er mogleg å byggje ut meir av det som har vore verna.

I spørjetimen i Stortinget onsdag bad Raudt klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) om ein garanti for at verna natur må halde fram med å vere verna. Det ville han ikkje gi, og Nikolai Astrup frå Høgre varsla at dei vil støtte å vurdere ei skånsam utbygging av verna vassdrag.

Vil ha vasskraft framfor vindkraft
Fredag følgde energipolitisk talsperson Frank Sve (Frp) opp i Politisk Kvarter på NRK og sa dei vill vurderer utbygging i verna vassdrag.

Sunnmøringen påpeika at dagens teknologi opnar for anna type utbygging enn tidlegare. Han meiner også mange vil føretrekke å legge elver i røyr, framfor å ha høge master for vindkraft.

– Det er ganske greinalsaust at vatnet skal renne over ved flom og skape store øydeleggingar. Men å ta vare på den verdien og skape kraft, skal ein ikkje gjere, sa en oppgitt Sve i radiodebatten.

Mobilisering i miljørørsla

NRK skriv at Naturvernforbundet no mobiliserer folk over heile landet, både yngre folk og dei som var med under Alta- og Mardøla-aksjonane.

Dei får støtte frå mellom anna Norges Miljøvernforbund, Norske Lakseelver og Norges jeger- og fiskeforbund.

Pål Mugaas, kommunikasjonsansvarleg i Norske Lakseelver, meiner Stortinget no har opna ei dør som blir vanskeleg å stenge.

– Heile tanken med verneplanen for vassdraga var at ein skulle ta vare på heilskapen i vassdraga og spesielle naturtypar. Viss ein opnar for utbygging, byrjar ein å få det same problemet som ein har i mykje av naturforvaltninga i Noreg: At ein tar bit, for bit, for bit, for bit, seier han til NRK.

Det er tull frå ende til annan når dei snakkar om moderne teknologi og skånsam utbygging
Maren Esmark

Skånsam utbygging?
Både Arbeidarpartiet, Høgre og Frp presiserer at det ikkje er snakk om nye store kraftutbyggingar. Partia snakker om skånsame utbyggingar med nye teknologiske løysingar.

– Det er ikkje snakk om å demme opp verna vassdrag eller leggje elver i røyr. Det er snakk om for eksempel å leie delar av vassføringa til å produsere kraft ein annan stad, eller utnytte vatn fra sideelver. Dette kan gjeras utan at folk merkar mykje til det, for teknologien har utvikla seg veldig, sier Nikolai Astrup til M24.

Men Naturvernforbundet har ikkje særleg tru på lovnadane om skånsam utbygging.

– Nei, det er tull frå ende til annan når dei snakkar om moderne teknologi og skånsam utbygging, seier Maren Esmark til NRK.

Publisert: 07.01.2022 12:49

Sist oppdatert: 07.01.2022 12:54

Mer om