Straum
PRISFALL: Slik er spotprisen på straum onsdag morgon. Skjermdump: Statnett
Nytt

Gyda gir billegare straum

Prisen betydeleg ned i nordvest. Sør for Sognefjorden er situasjonen ein heilt annan.

12.01.2022

Natt til onsdag har elspotprisen på Nordvestlandet vore periodevis under 20 øre/kWh, viser tal frå Statnett.

Ved 8-tida onsdag morgon ligg spotprisen på 20,91 øre/kWh, noko som er betydeleg lavare enn siste månadene.

I tillegg er det mykje vind og ekstremt mykje nedbør på gang ved at ekstremvêret Gyda er på veg.

Langt høgare i sør og aust
Situasjonen er ein heilt annan i aust- og sør-Norge sør for Sognefjorden. Her ligg elspotprisen onsdag morgon på 146,56 øre/kWh. Dette er sju gongar høgare enn i resten av landet.

Samstundes går straumflyten frå Norge til Storbritannia og kontinentet.

I tillegg til elspotprisen kjem nettleige og avgifter.

I Baltikum, Sør-Sverige og deler av Danmark er elspotprisen over 200 øre/kWh.

Forhandlingar om straumstøtte

Ei rekkje parti lovar no billegare straumpris.

Ifølgje NTB/NPK vil ikkje SV love lavare straumpris til alle i forhandlingar med regjeringa, men krevje meir til dei som treng det mest.

– Vi vil bruke moglegheita til å sjå om det går an å få gjort eit ekstra løft for dei som har minst, seier Lars Haltbrekken i SV til NTB.

Han er no klar for å forhandle med Arbeidarpartiet og Senterpartiet, som i helga foreslo å auke straumstøtta frå 55 til 80 prosent når straumprisen overstig 70 øre per kilowattime.

Regjeringa er avhengig av SV for å få fleirtal på Stortinget, og førebels har partiet varsla at dei er positive til å auke støtta.

– Dette er ei bra ordning, men ho er ikkje perfekt, seier Haltbrekken.

Vil ha makspris
Samtidig pressar fleire parti på for å få sett eit makstak på straumprisen. Frp har foreslått ein makspris på 50 øre per kilowattime, medan Raudt overfor VG krev at grensa blir sett på 35 øre.

– Vi er for å sjå på makspris. Og så er spørsmålet: kan ein få gjort det i vinter, eller krev det lovendring som gjer at det må ut på høyring og så vidare, seier Haltbrekken.

Men i dei kommande forhandlingane med regjeringa meiner Haltbrekken det er viktigare å utvide ordninga slik at ho i større grad treffer dei som treng det mest, heller enn ein flat auke.

– Sist gong fekk vi utvida bustøtteordninga slik at fleire kom inn under ho. Det er ting vi kan sjå på der. Vi kan sjå på ting for folk som er arbeidsledige eller som går på arbeidsavklaringspengar, seier Haltbrekken.

Vil ha statleg kraftselskap
Han fortel at SV er i gang med å meisle ut straumkrava sine til regjeringa, men ventar på proposisjonen som etter det som blir sagt, kjem i statsråd fredag. Deretter vil forhandlingane gå i Stortingets finanskomité.

I forhandlingane før jul fekk SV gjennomslag for å heve statens del av straumrekninga frå 50 prosent til 55 prosent på alt som overstig 70 øre per kilowattime. Det er denne grensa regjeringa no foreslår at aukast til 80 prosent.

Før jul vart partia òg samde om å utsetje den nye nettleigeordninga og til å utvide bustøtteordninga.

SV har òg lagt andre forslag på bordet i straumdebatten. Partiet vil mellom anna opprette eit statleg selskap som skal kjøpe straum frå kraftselskapa, slik at folk får dekt eit normalt straumforbruk til ein rimeleg penge.

Publisert: 12.01.2022 08:58

Sist oppdatert: 12.01.2022 09:14

Mer om