NPK-NTB: To av tre innbyggjarar i Nord-Noreg fryktar at meir av fiskeressursane vil komme andre enn kystbefolkninga til gode i framtida.
Det viser ei undersøking Sentio har gjort for Klassekampen, der 1.500 innbyggjarar i Nord-Noreg er spurde. Befolkninga i nord ser at stadig meir ubehandla fisk bli frakta sørover og foredlinga blir sentralisert. Mens 67 prosent av dei spurde fryktar det blir meir av dette framover, svarar 28 prosent at dei ikkje trur det skjer, mens 5 prosent svarar «veit ikkje».
Bekymringane stig jo lenger nord folk bur. 75 prosent av dei spurde i Finnmark fryktar at ressursane ikkje kjem dei til gode, mens 62 prosent av dei spurde i Nordland svarar det same.
Fire statsrådar i fire kystbyar la tysdag fram den nye havstrategien til regjeringa. I Tromsø var fiskeriminister Per Sandberg (Frp) på plass. Han seier resultatet av undersøkinga er interessant, men meiner at det ikkje er særleg grunn til frykt. Han ønsker og vil krevje av næringa at meir må foredlast i nord, der ressursane er.
– Det er ikkje rett at fiskeressursane forsvinn sørover. Eg brukar mykje tid på å rette opp slike misforståingar, seier han og peikar på at rekordmykje fisk landa i Finnmark i 2016, og at også verdien av fisken aukar.

Publisert: 22.02.2017 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42