
Ervik Havfiske skiftar namn
Reiarlaget på Stad går for engelsk.
Ervik Havfiske skiftar namn til Ervik Group, ifølgje ei pressemelding frå selskapet tysdag.
– Denne endringa reflekterer selskapets utvikling til å inkludere eit bredt spekter av selskap som jobbar saman for eit felles mål, heiter det i meldinga.
Ervik Havfiske-namnet skal brukast vidare i konsernet, men som eit nytt selskap under paraplyen Ervik Group. Nye Ervik Havfiske vil representere fartøy og fiskerirettigheiter, blir det opplyst.
2023-rekneskapen for konsernet med hovudkontor på Otneimneset, er ikkje offentleg enno.
Publisert: 06.08.2024 14:22
Sist oppdatert: 06.08.2024 14:22