Kort fortalt

ESA-ja til Hurtigruten

Får ikkje ulovleg statsstøtte.

29.03.2017
NPK-NTB: EFTAs overvakingsorgan ESA godkjenner milliardkompensasjonen som Noreg betaler til Hurtigruten.
– ESA har godkjent kystruteavtalen på 5,12 milliardar kroner for perioden 2012–2019. Men vi oppfordrar samtidig Noreg til å opne for meir konkurranse i offentlege innkjøpsprosessar av denne størrelsen i framtida, seier ESA-president Sven Erik Svedman.
ESA har fått klager på kystruteavtalen og opna formell undersøking i desember 2015.
Hurtigruten får kompensasjonen frå staten for å sørgje for daglege ferjeavgangar med stopp i 34 hamnar året igjennom. EØS-avtalen tillèt kompensasjon til tenester av allmenn økonomisk betydning når marknaden sjølv ikkje leverer dei.
ESA har no konkludert med at kystruta mellom Bergen og Kirkenes er ei slik teneste, og at Hurtigruten ikkje får urimeleg stor kompensasjon.

Publisert: 29.03.2017 20:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42