(NPK): I den første folkehelseundersøkinga i Møre og Romsdal har førebels over 21.000 personar svart, men menn mellom 18 og 45 er i mindretal.
Sidan undersøkinga starta den 1. februar, har over 38 prosent av innbyggjarane som er spurde i fylket svart, viser tal frå Folkehelseinstituttet.
– Det er ein god start, men vi ser at det er fleire kvinner enn menn som svarer, og fleire eldre enn yngre. Vi ønsker oss særleg fleire svar frå menn i alderen 18 til 45, seier Petter Jenset, rådgivar friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune, i ei pressemelding.
Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom fylkeskommunen og Folkehelseinstituttet (FHI), og den vil gi fylkeskommunen og kommunane viktig informasjon om helsa, velferda, trivselen og livskvaliteten til innbyggjarane. Undersøkinga varer til 14. februar.
Over 54.000 utvalde personar over 18 år har fått invitasjon til å delta på sms og e-post.
– Vi er fornøgd om vi kjem oss opp mot ein svarprosent på nærmare 50. Då får vi eit særs godt grunnlag til å seie noko om korleis folk har det i Møre og Romsdal. For at vi skal kunne få god informasjon om folkehelsa i den enkelte kommune, treng vi cirka 400 svar frå kvar kommune, men dess fleire som tek seg tid til å svare, dess betre kunnskapsgrunnlag får både vi i fylkeskommunen og kommunane, seier Jenset.
(©NPK)

Publisert: 09.02.2021 10:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23