Kvoten for kor mykje makrellstørje Noreg kan fiske har auka med om lag 23 prosent til 368 tonn i 2023.
I tillegg kan Noreg overføre 15 tonn ufiska kvantum frå 2022 til 2023, skriv Nærings- og fiskeridepartementet.
– Makrellstørja er for alvor tilbake i norske farvatn, og som kyststat til denne bestanden som no har innteke dei næringsrike havområda våre, arbeider vi kontinuerleg for å auke den norske kvoten. Eg er derfor veldig fornøgd med at vi har fått gjennomslag for meir kvote i 2023, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Det er ein auke i bestandsberekninga for dei neste tre åra som er bakgrunnen for at Noreg no får auka kvoten sin. I tillegg har Noreg fått auka sin del av det totale fisket.
Publisert: 22.11.2022 12:45
Sist oppdatert: 22.11.2022 12:46