(NPK-NTB): Fleirbruksfartøy som blir brukte til å installere og vedlikehalde oljeinstallasjonar på havbotnen, er ikkje underlagt norsk lov. Fagforeininga Industri Energi fryktar det kan gå utover tryggleiken.
Både fate og flytande plattformer må følgje norsk lov, men det gjeld altså ikkje desse fleirbruksskipa. LO-forbundet meiner stort arbeidspress og korttidskontraktar fører til at det oppstår farlege situasjonar, og at dei tilsette er redde for å seie frå, melder .
– Når du er busett i Storbritannia, tilsett i eit bemanningsselskap i Singapore, mobilisert frå Aberdeen og jobbar på norsk sokkel på eit skip registrert i Bahamas på ein mellombels kontrakt, opplever vi at dei som jobbar på skipa, ikkje tør å seie frå, seier Ommund Stokka i Industri Energi. Han seier tunge turnusar med mykje nattarbeid eller lange vakter kan føre til ulykker fordi folk blir slitne.
Fleirbruksfartøya er underlagt eit internasjonalt maritimt regelverk, og det er flaggstaten, landet der skipet er registrert, som er ansvarleg for tilsyn med skipet. Arbeidsgjevarorganisasjonen Norsk olje og gass meiner det ikkje er behov lovendringar.
– Alle dei store flaggstatane har seriøse register som har ratifisert dei internasjonale tryggleikskonvensjonane, seier advokat Hanne Irene Bore i Norsk olje og gass. (©NPK)

Publisert: 07.04.2016 08:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47