Tore Einar Amdam ved sagbruket på Sjøholt seier det freistar å legge ned etter å ha fått ei rekning på vatn og avløp som er mangedobla etter at dei kom inn i Ålesund kommune, skriv .
– Før har vi betalt eit par tusen i året. No skal dei ha nesten 30.000 kroner, seier han til avisa.
Bakgrunnen er at dei fem kommunane som slo seg saman til nye Ålesund, hadde ulike satsar og måtar å rekne ut gebyret på. Dette er no samla i eit felles gebyrregulativ. Ei av årsakene til at Sjøholt-bedrifta kjem dårleg ut, er at dei ikkje har installert vassmålar. Då blir gebyret rekna ut frå areal.
Kommunen har ikkje lov til ta meir i gebyr for tenestene enn dei kostar, men mange vil oppleve auke grunna investeringar.
Næringssjef Inger Synnøve Remme i Ålesund ber næringslivet klage på gebyret, eller ta kontakt med kommunen, slik at dei får beskjed om korleis det nye systemet slår ut, skriv .

Les også:
Publisert: 31.03.2020 09:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29