NPK: Det nye isgåande forskingsfartøyet "Kronprins Haakon" treng ein heil haug med nye sjøfolk.
Skipet blei tidlegare i mars sjøsett på verftet i Genova og skal til hausten bli ferdig utrusta i Noreg før det er klart til oppdrag. Heile 70 prosent av utstyret og instrumenteringa om bord vil kome frå norske leverandørar, opplyser eigaren Havforskingsinstituttet.
Kapteinen, maskinsjefen og skipselektrikaren på fartøyet er allereie på plass, og det blir no søkt etter førstemaskinist, andremaskinist, forpleiingssjef, forpleiingsassistent, førstestyrmann, matrosar, overstyrmann og trålbas/nettmann. Planen er å tilsette fleire i kvar stilling.
Sist gong Havforskingsinstituttet lyste ut stillingar til sjøfolk, kom det inn 1600 søknader på dei rundt 25 ledige stillingane. Dersom interne søkjarar skulle få jobb på "Kronprins Haakon", vil det dukke opp ledige stillingar på dei andre fartøya til instituttet.

Publisert: 23.03.2017 11:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42