Kort fortalt

Fire interesserte i makrellstørjefiske

Fristen går ut i morgon.

22.03.2017
NPK: Førebels har fire ringnot-reiarlag søkt om å få fiske makrellstørje i 2017. Torsdag 23. mars er siste frist for å søkje.
Dei fire som har søkt om å få fiske makrellstørje i år er: Østerbris AS med ringnotbåten "Østerbris", Bøen JR AS med kystnotbåten "Bøen", Sjømann Havfiske AS med kystnotbåten "Salvøy" og Hillersøy med kystnotbåten "Hillersøy", skriv Fiskeribladet.
Direktoratet har i år som i fjor, opna for at to fartøy (eit line- og eit ringnotfartøy), kan få fiske størje. Årets kvote er på 52,48 tonn. Det er sett av 10,48 tonn til bifangst av makrellstørje i 2017.
Kven som får vere med i fiskeriet kan bli avgjort ved loddtrekning, dersom to eller fleire påmelde fartøy oppfyller kriteria til deltaking.
I fjor fekk kystnotbåten "Hillersøy" tildelt kvoten som var tiltenkt eitt linefartøy, ettersom det einaste linefartøyet som søkte om å få delta i fiskeriet ikkje oppfylte krava til deltaking. Totalt hadde "Hillersøy" ein kvote på 32 tonn. 16. september i fjor kom "Hillersøy"-mannskapet over ein stor stim med makrellstørjer vest av Ona på Mørekysten og fiska i alt 39,6 tonn makrellstørje (191 stykk).

Publisert: 22.03.2017 06:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42