Kort fortalt

Fiskebåtar for 15 milliardar

Stor vekst i byggeaktiviteten på eitt år.

06.06.2017
NPK: Det blir bygd båtar i fiskeri- og havbruksnæringa for nærare 15 milliardar kroner både i Noreg og for norske reiarlag i utlandet.
Veksten har ifølgje vore formidabel det siste året. Ei tilsvarande oversikt frå i fjor viste nybygging for 8,3 milliardar i denne sektoren i perioden 2016–2018. Oversikta frå i år er nærare ei fordobling av nybyggingsverdien. Delen som blir bygd i utlandet for norske reiarlag er no vesentleg mindre enn for eitt år sidan.
Oversikta viser at norske fiskebåt- og havbruksreiarlag er i støyten med ei omfattande nybåtbygging. Det er ein klar tendens at utanlandske fiskebåtreiarar no kjem til norske verft med sine nybyggingsprosjekt. Åtte store fartøy blir bygde i Noreg for utanlandske reiarar, sju for fiskeri og eitt for forsking. Samtidig blir det bygd sju fartøy for norske reiarlag i utlandet.
– Det er eit stort behov for fornying av kystfiskeflåten. Viss rammevilkåra held seg gode og det blir god dynamikk i struktureringa, trur eg vi berre ser starten på ei naudsynt fornying i denne flåtegruppa, seier Trond Berntsen i reiarlaget Oddvar Ness AS til Fiskeribladet.

Publisert: 06.06.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41