NPK: Dei femti siste åra har fisken i Nordsjøen flytta seg lenger nord og austover. Samtidig har den totale fiskemengda minka, ifølgje Havforskingsinstituttet.
– Mønsteret er klart, dei siste 40–50 åra har artane flytta seg nordaustover, noko som fører til at ein større del av dei kommersielle artane har flytta inn i den norske delen av Nordsjøen. I tillegg har nye artar etablert seg i dette området, seier havforskar Svein Sundby ved Havforskingsinstituttet.
Det viser funna i ein ny rapport frå instituttet som er laga for å auke kunnskapen om gyteområda til ulike fiskeslag i Nordsjøen. Prosjektet starta i 2014 og er betalt av Statoil.
Lysing, sardinar og ansjos er blant nykomarane. Lysingen har kome seg inn i Nordsjøen nord for Dei britiske øyane, medan sardinar og ansjos har kome inn frå sør, via Den engelske kanalen.
– Vi ser at torskefiskar som torsk, hyse, sei, kviting og augepål har endra utbreiing og at det har blitt mindre av desse fiskeslaga i britisk sektor og meir i den norske økonomiske sona, seier Sundby.

Publisert: 10.05.2017 11:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42