NPK: Kystverket har hatt omfattande oppryddingsaksjon i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Totalt 40 anlegg som stod i fare for å slite seg etter fleire år utan tilsyn skal ha blitt fjerna av Kystverket. Eigarlause og forlatne blåskjelanlegg har vore ei utfordring sidan mange blåskjeleigarar gjekk konkurs på 2000-talet, skriv . Dei fleste eigarane hadde ikkje sett av midel til å fjerne anlegga, noko som førte til at dei massive anlegga har lege utan tilsyn i nærare eit tiår. Først i 2007 kom det krav om at eigarar av nye oppdrettsanlegg må stille økonomisk garanti for fjerning av anlegget ved ein eventuell konkurs.
– Arbeidet med opprydding av eigarlause blåskjelanlegg har vore spanande og utfordrande. Eg håpar at jobben Kystverket har gjort set fokus på forlatne anlegg og den negative påverknaden dette har på sikkerheit og miljø til sjøs, seier prosjektleiar Lene Mathisen i Kystverket Vest.
Oppryddingsaksjonen har vore mogleg etter regjeringa gav Kystverket løyve til å fjerne dei særs utsette anlegga. Kystverket Vest fekk tolv millionar kroner til å fjerne blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Før oppryddinga starta, viste ei kartlegging at ein del av anlegga allereie var fjerna av eigarar eller andre. Mange av anlegga var opptil fleire hundre meter lange, hadde delvis slite seg og utgjorde ein fare for fartøy, miljø, fisk og anna dyreliv.

Publisert: 26.04.2017 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42