NPK-NTB: I fjor fekk Petroleumstilsynet 36 bekymringsmeldingar om helse og sikkerheit. I 2015 var det 20. Den positive sikkerheitstrenden i bransjen har snudd.
Ifølgje tal Stavanger Aftenblad har henta inn vart det fram til 2014 færre og færre bekymringsmeldingar om helse og sikkerheit i oljebransjen. Men frå 12 meldingar i 2014, via 20 i 2015 vart det i 2016 sendt inn 36 bekymringsmeldingar. Trenden ser ut til å ha snudd etter det enorme oljeprisfallet og kostnadskutta dei siste to åra.
– Vi har ikkje hatt så mange bekymringsmeldingar før, seier pressekontakt Eilieen Brundtland i Petroleumstilsynet (Ptil).
Meldingane er ikkje berre fleire, men også meir omfattande enn før.
– Vi ser at det også blir rapportert meir om forhold som går på storulykker, mens ein tidlegare gjerne varsla om arbeidstid, seier ho.

Publisert: 23.02.2017 08:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42