NPK-NTB: Tal frå Nav viser at sjukefråværet i aldersgruppa 67–69 år har dobla seg på elleve år. Auken blir forklart med endringar i regelverket.
Talet på sjukepengedagar per arbeidstakar i alderen 67–69 år auka frå 1,3 i 2004 til 2,5 i 2015.
– Auken kjem i all hovudsak av meir liberale reglar for å ta imot sjukepengar etter 67 år og er ein beskjeden kostnad for at langt fleire er i jobb i denne aldersgruppa, seier seksjonssjef i Nav Ole Christian Lien.
Han viser til at fråværet i aldersgruppa 67–69 år framleis er under ein firedel av fråværet for arbeidstakarar generelt. Talet på sysselsette i denne delen av befolkninga har elles auka frå 21 prosent til 28 prosent i den nemnde perioden. Dermed er langt fleire i jobb sjølv om ein reknar med fråværsauken.
I aldersgruppa 62–66 år har det trygdefinansierte sjukefråværet generelt vore stabilt.
– Det kan tyde på at ein del som elles ville ha blitt sjukemeldt, no i staden vel å pensjonere seg, seier Ole Christian Lien.

Publisert: 14.06.2017 09:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41