Kort fortalt

Fleire fritidsbåtar på grunn i juni

560 måtte ha assistanse.

11.07.2017
NPK: Sjølv om juni var ein relativt roleg månad for Redningsselskapet, auka talet på oppdrag til både båtbrannar, grunnstøytingar og framdriftshavari blant fritidsbåtar denne månaden.
Redningsskøytene assisterte til saman 560 fritidsfartøy i juni i år, mot 698 same månaden i fjor.
Talet på fritidsbåtar som måtte ha hjelp på grunn av motortrøbbel, auka likevel frå 275 til 370 i år, mens talet på båtar som trong hjelp etter å ha vore i sjøbotnen, auka frå 37 til 44.
– Det er urovekkjande at det er fleire grunnberøringar sett i lys av at det har vorte obligatorisk med båtførarbevis, og at fleire har elektroniske navigasjonssystem enn før, seier operasjons- og beredskapssjef Ronny Pedersen i Redningsselskapet.
Redningsskøytene rykte ut så mange som 17 gonger i juni for å hjelpe til med å sløkkje brannar i fritidsbåtar. I fjor var det berre 3 slike utrykkingar, utan at Redningsselskapet har noka umiddelbar forklaring på den store auken.

Publisert: 11.07.2017 18:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41