Kort fortalt

Fleire studerer

Størst auke blant ungdom og kvinner.

14.04.2016
(NPK-NTB): Hausten 2015 var det 283.100 norske studentar i høgare utdanning her i landet eller i utlandet. Det er ein auke på 10.600 frå året før.
Ifølge tala frå var 34,9 prosent av befolkninga mellom 19 og 24 år i høgare utdanning hausten 2015, noko som er 0,9 prosentpoeng høgare enn eitt år tidlegare.
For befolkninga mellom 25 og 29 år var talet 15,6 prosent – opp 0,4 prosentpoeng.
Studentane fordeler seg på 266.400 studentar ved norske universitet og høgskular og 16.700 norske studentar ved utanlandske lærestadar.
Av alle studentane i Noreg og i utlandet var 113.800 menn og 169.300 kvinner i 2015, og auken var størst blant kvinner og dei mellom 19 og 21 år. (©NPK)

Publisert: 14.04.2016 14:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47