NPK-NTB: Forsikringsselskapa avslørte svindel for til saman 353 millionar kroner i fjor. Det er ein auke på fem prosent, viser ein ny rapport.
Flest saker gjeld skadeforsikring, mens dei største beløpa dreier seg om svindel med uførepensjon og ulike typar livsforsikring, viser Finans Norges svindelrapport.
– 60 prosent av det samla svindelbeløpet gjeld no sjuke- og uføresaker, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i .
Rapporten viser at dei som prøver seg på svindel med uføreforsikringar i gjennomsnitt krev 700.000 kroner på uriktig grunnlag.
Sjølv om svindel med personskade og uførleik utgjer dei største summane, er det flest av dei små sakene. Dei vanlegaste svindelmetodane er å dikte opp ei hending, eller at det blir plussa på ekstra beløp når erstatningskravet blir sendt forsikringsselskapet.
Auken kan kome av at folk svindlar meir, men kan også kome av at fleire blir oppdaga. Utgreiingssjef i Gjensidige Vera Sønsthagen seier til NRK at datasystema no gir beskjed ved mistenkjelege trekk, som for eksempel at ulykkene skjer kort tid etter at forsikringa er teikna.
Fleire menn enn kvinner svindlar forsikringsselskapet sitt – tala viser at 64 prosent menn mot 36 prosent kvinner blir avslørt. Dersom du blir tatt for forsikringssvindel, mister du retten til erstatning, risikerer erstatningskrav og politimelding.
– Dei aller fleste kundane er heldigvis ærlege. Men forsikringsselskapa er merksame på svindel, og svindlarane tar ein høg risiko, seier Neverdal.

Publisert: 15.03.2017 10:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42