NPK: 20. april vart søkjartala til høgare utdanning publisert av Samordna opptak, og i år er det rekordmange søkjarar til marine studiar. Samarbeidsorganisasjonen
– Vi registrerer at dette er ein trend som har blitt stadig sterkare dei siste åra. Samla viser vår oversikt over marine fag ein auke på over 50 prosent samanlikna med fjoråret. Både for totale søkjartal og dei som har valt studiet som førsteprioritet, skriv Sett sjøbein i ei pressemelding.
I tillegg har det kome to nye marine studium: Havbruk og sjømat ved Universitetet i Bergen og Marin logistikk og økonomi ved Høgskolen i Molde.
– Tek vi med søkjartala for dei nye studia er dei til saman ein auke på 70 prosent.
Kvinner utgjer 42 prosent av søkjarane til marine fag i ei samla oversikt. I dei fleste fag er det likevel flest kvinnelege søkjarar, men nokre fag med mange søkjarar trekk snittet ned.

Publisert: 26.04.2017 14:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42