Kort fortalt

Fleire unge utan jobb

Stort fall i talet på unge i arbeid.

28.02.2017
NPK-NTB: Delen unge utanfor arbeidsmarknaden er på sitt høgste sidan midten av 1990-talet. Forskarar varslar at situasjonen kan fortsette på grunn av nedgangstidene.
I førre veke la SSB fram Arbeidskraftundersøkinga (AKU) som viser at delen av befolkninga som er i arbeid eller søkjer arbeid, går nedover. For nordmenn under 25 år er fallet dramatisk, skriv .
Utviklinga der norske ungdommar hamnar utanfor arbeidslivet kjem av at delen langtidsledige har auka, at færre utanfor arbeidsstyrken kjem i arbeid og færre studentar har deltidsjobb, forklarar seniorrådgjevar Erik Herstad Horgen i SSB. I 2016 var 55 prosent av personane mellom 15 og 24 år i arbeidsstyrken, den same delen som frå 1993 til 1995. På slutten av 90-talet kom det derimot ein oppgang som førte til at fleire unge kom seg inn i arbeidsmarknaden.
– Ein kan ikkje ta for gitt at det same vil skje igjen. På 90-talet opplevde Noreg eit kraftig oppsving etter krisa med sterk vekst i oljeverksemda, investeringar og sterk sysselsettingsvekst. Det vart ein veldig gunstig arbeidsmarknad utover på 90-talet, seier forskar Jon Erik Dølvik ved forskingsinstituttet Fafo. Situasjonen i dag er ein annan med nedgang i oljepris, -investeringar og -inntekter, i tillegg til at eit teknologisk skifte kan eliminere jobbar.
– Denne gongen trengst det kraftigare innsats for å bidra til å løfte kompetansen til dei som er mest utsette for å falle ut, eller allereie har falle ut, seier han.

Publisert: 28.02.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42