NPK: Sjømatselskapet Nekst i Florø har signert ein intensjonsavtale som kan gi 100 nye arbeidsplassar i Flora og Solund i Sogn og Fjordane.
Selskapet vil byggje eit gigantisk landbasert oppdrettsanlegg for laks i Florø og dessutan utvikle offshorebasert oppdrett i Solund.
Den nye investorane skal vere «ein europeisk matvareprodusent» og «ei leiande europeisk konsumentkjede», ifølgje Dagens Næringsliv. Avisa meiner å vite at det dreier seg om det polske fiskeforedlingsselskapet Graal og ei portugisisk daglegvarekjede, men ingen av partane vil førebels seie kven dei er.
Avtalen kan gi investeringar på rundt tre milliardar kroner.
– Vi har jobba med dette lenge, så vi er veldig godt nøgde med at intensjonsavtalen er i boks. Dette vil gi mange, langsiktige arbeidsplassar i regionen, seier Nekst-partnar Kjell Aasen til NRK.
Kommunestyret i Solund godkjente nyleg ein samarbeidsavtale med Nekst, der det blir lagt til rette for at Nekst kan drive oppdrett med nedsenkbare merdar i Lågøyfjorden. Landanlegget har allereie fått grønt lys, mens det står igjen å sjå om selskapet får utviklingskonsesjon for dei nye undervassmerdane.
Forretningsideen er å fôre opp laksen på land til han er to kilo, og så bruke berre eit halvt år på å nå slaktevekta i sjøen. Det vanlege er å setje smolten i sjøen når han er 60–200 gram stor. I undervassmerdane skal laksen dessutan unngå kontakt med lakselusa, som held seg i dei øvste vasslaga.

Publisert: 28.04.2017 15:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42