NPK-NTB/NETT NO: Blant tiltaka partia har vorte samde om er ein tøffare utflyttingsskatt. Med dette håpar regjeringa å skattleggje milliardærar som flaggar ut til land som Sveits hardare. Mellom anna skal endringane gjere at skatten også gjeld ved overføring av aksjar til nær familie i utlandet.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har mellom anna fått gjennomslag for ytterlegare kutt i drivstoffavgifta. Til saman legg budsjettet opp til kutt på 1,5 milliardar kroner, særleg innan anleggsdiesel.
Sv har fått gjennomslag for å ikkje lyse ut 26. konsesjonsrunde for leiting etter olje og gass i denne stortingsperioden.
Regjeringspartia har tydeleg uttrykt at dei ikkje ønskjer å bruke meir oljepengar. Ifølgje det VG erfarte tidlegare i dag vart 4,3 milliardar kroner ekstra henta inn i utbytte frå Statkraft.
Publisert: 29.11.2022 19:28
Sist oppdatert: 29.11.2022 19:32





