Kort fortalt

Forbod mot oljefyring

Men unntak for hytter utan straum.

15.06.2017
NPK-NTB: Regjeringa presenterer torsdag eit forbod mot oljefyring i bustadhus, næringsbygg og offentlege bygg. Hytter utan straum får unntak.
Bakgrunnen for unntaket er ifølgje klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) at det er vanskelegare og ofte uforholdsmessig dyrt med alternativ, melder .
– Og det er ikkje eit stort omfang på det. Det betyr at klimaeffekten versus kostnadane ville blitt litt i drygaste laget, seier Helgesen.
Ifølgje til forskrifta, som vart sendt på høyring i desember 2016, skal forbodet tre i kraft frå 2020.
Miljøstiftelsen ZERO meiner tiltaket er svært viktig og sender eit kraftig signal om at vi er på veg bort frå fossil til fornybar energi.
– Norske bygg blir no den første oljefrie sektor i verda. Utfasinga vil ha stor ringverknad i Noreg og internasjonalt og viser at Noreg kan vere ein klimaspydspiss når vi vil, seier ZERO-leiar Marius Holm.
Ifølgje stiftinga er det første gong eit land forbyr oljefyring til oppvarming i eksisterande bygg. Fleire land har allereie lagt ned forbod mot å installere nye oljefyrar, slik Noreg gjorde i dei nyaste byggtekniske forskriftene.

Publisert: 15.06.2017 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41