Kort fortalt

Forsikring blei for dyrt

Forsikring mot arbeidsløyse blir avvikla.

09.06.2017
NPK-NTB: Sparebank 1 Forsikring har gitt kundane beskjed om at forsikringa dei tilbaud mot arbeidsløyse blir avvikla.
Oljenedturen med prisfall og nedbemanningar har ført til store utbetalingar og dårleg butikk for tilbydarane i Sparebank 1 og partnar BNP Paribas Cardif, skriv .
– Sidan lanseringa i november 2011 har arbeidsmarknaden og risikobildet endra seg dramatisk, seier Kristin Vetleseter i Sparebank 1 Gruppen.
No har dei drygt 15.000 kundane fått beskjed om at forsikringa blir avvikla ved neste hovudforfall og ikkje vil bli fornya. Vetleseter seier dei har ønskt å fortsette med forsikringa, men ikkje har klart å finne noka løysing, og at dei derfor brukar retten forsikringsavtalelova gir til å avvikle produkt når det er særleg grunn for det. Ho ønskjer ikkje å seie kor mykje pengar som er betalt ut til kundar som har mista jobben.
Det er få selskap som tilbyr arbeidsløyseforsikring, men Nordea, i samarbeid med Tryg Forsikring, har den framleis i sin portefølje.

Publisert: 09.06.2017 11:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41