Kort fortalt

Forsiktig optimisme i industrien

Norske leiarar ser litt lysning.

21.04.2017
NPK-NTB: Nedgangen i produksjonsnivået for norsk industri er i ferd med å flate ut, og fleirtalet av norske industrileiarar ser positivt på utviklinga.
Krisa i oljeindustrien verkar framleis negativt på norsk leverandørindustri, men den samla industriproduksjonen viser ei utflating i første kvartal av 2017, samanlikna med fjerde kvartal i fjor.
Dette er første gong den samla produksjonsutviklinga ikkje er negativ sidan første kvartal 2015, viser tala frå konjunkturbarometeret til Statistisk sentralbyrå (SSB).
Den generelle bedømminga for andre kvartal av 2017 er dermed positiv blant fleirtalet av industrileiarane, melder SSB. Dette gjeld spesielt innan innsatsvarer og konsumvarer.
For produsentar av investeringsvarer var det ein ytterlegare nedgang i produksjonen. Dette kjem av krisa i oljeindustrien, som sørgjer for låg aktivitet hos leverandørar til olje- og gassektoren. Dette rammar særleg næringar som maskinindustri og bygging av skip og oljeplattformer.
Produsentane av innsatsvarer hadde ein vekst i produksjonen i siste kvartal, med ein oppgang innan trelast- og trevareindustri og kjemiske råvarer. Det var også vekst innanfor konsumvarer, særleg innan næringsmiddelindustrien,
Sjølve konjunkturindikatoren for industrien var i 1. kvartal 2017 på 1,1 (sesongjusterte nettotal) og har gått ned frå -0,2 i førre kvartal. Dette er første gong indikatoren er positiv sidan tredje kvartal 2014, men den er framleis under det historiske gjennomsnittet på 3,0.
Talverdiar over null antydar at produksjonsvolumet vil auke i kommande periode, mens talverdiar under null antydar at det vil falle.

Publisert: 21.04.2017 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42