Kort fortalt

Fram har samla alt i ny app

Skal gjere det enklare for reisande.

06.07.2017
Møre og Romsdal fylkeskommune og Fram har lansert ein heilt ny app for å hjelpe reisande, opplyser fylkeskommunen i .
Appen heiter Fram, og med den kan ein søke i reiseplanleggaren, kjøpe billett og sjekke avgangen for bussen, hurtigbåten eller ferja gjennom mobilen.
Samferdselsjef Arild Fuglseth er glad for nysatsinga.
- Alt er samla, og du kan bruke den i heile Møre og Romsdal. Fram-appen vil gjere det enda enklare å reise kollektivt i fylket. Vi er stolte av denne leveransen. Det er nok den mest omfattande appen for kollektivreise i landet i dag, seier han.

Publisert: 06.07.2017 07:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41