Kort fortalt

Friare val av arbeidstid

No blir det mogleg å flytte arbeidstid til seine kveldar.

31.03.2017
NPK-NTB: Regjeringa foreslår at arbeidstakarar skal kunne flytte delar av arbeidsdagen til seint på kvelden. Utholing av arbeidsmiljølova, meiner YS.
I forslaget blir det peika på eit større behov for fleksible arbeidsdagar og at arbeidstakar på eige initiativ skal kunne gjere individuelle avtalar med arbeidsgjevar om arbeid mellom klokka 21 og 23 på kveldane.
Dette må vere eit ønske frå arbeidstakaren sjølv, og arbeidsgjevar må vere einig i at noko av arbeidet blir utsett til etter at den ordinære arbeidsdagen er over. Det skal også inngåast skriftleg avtale om slike ordningar.
– Forslaget gir arbeidstakarar som ønskjer større fleksibilitet, ei moglegheit til å planleggje kvardagen sin, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).
– Mange kan jo kjenne litt på behovet for å vere meir til stades i dei timane barna er vakne og heller ta fram PC-en etterpå, seier statsråden.
Forslaget møter likevel motbør i arbeidstakarorganisasjonen YS:
– Individuelle avtalar om kveldsarbeid kan føre til eit press på den enkelte om å jobbe meir om kvelden. Vi meiner det forslaget regjeringa la fram i dag er endå ei utholing av arbeidsmiljølova, seier YS-leiar Jorunn Berland.

Publisert: 31.03.2017 15:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42