Kort fortalt

Frislepp splittar bønder og skogeigarar

Bondelaget fryktar lys i færre hus.

08.06.2017
NPK: Heva konsesjonsgrense og fri pris på skog svekkjer busettinga og driftsøkonomien, åtvarar Bondelaget. Skogeigarorganisasjonar er derimot nøgde.
Venstre gir regjeringspartia støtte til å heve konsesjonsgrensa til 35 mål jord og fjerne priskontrollen på skogeigedommar med mindre enn 35 mål full- eller overflatedyrka jord. Det går fram av innstillinga frå næringskomiteen om endringar av eigedomslovane for landbruket, skriv .
Norges Bondelag meiner endringane er svært uheldige.
– Dette vil svekkje dei som er i næringa eller som vil inn i næringa. Resultatet blir meir leigejord, ikkje mindre som regjeringa hevdar, og det vil ikkje bli ein meir rasjonell eigedomsstruktur. Det vil også bli fleire tomme og ubebudde gardsbruk. Det er svært uheldig, seier generalsekretær i Norges Bondelag Per Skorge til avisa.
Med heva arealgrense vil ifølgje Bondelaget rundt 20.000 fleire landbrukseigedommar få fritak frå priskontroll og buplikt. Samla vil dermed nær 6 av 10 landbrukseigedommar her i landet vere utan priskontroll og buplikt.
– På Vestlandet, i Nord-Noreg og i fjellbygdene vil reglane ikkje gjelde for ein svært stor del av bruka. Gardsbruka kan dermed behaldast som fritidsbustader, sjølv om eigaren bur i ein by langt unna. Resultatet blir lys i færre hus i mange bygder, seier Skorge.
Skogeigarforbundet er derimot glade for fjerning av priskontrollen på reine skogeigedommar.
– Det er vi glade for, men no blir handheving av konsesjonslova desto viktigare, seier administrerande direktør i Norges Skogeierforbund, Erik Lahnstein.
Konsesjonsfritak for skogeigedom under 3000 mål, som Frp og Høgre vil ha, åtvarar han imot.
– Det vil vere gale og uansvarleg å vedta det utan å vurdere konsekvensane, seier Lahnstein.

Publisert: 08.06.2017 10:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41