Kort fortalt

Fritidsfiske-uttaket er vesentleg

Fritidsfiske står for eit vesentleg uttak av fisk i kystsona.

NPK
24.06.2021

NPK: Havforskarar har i fire år kartlagt fritidsfisket langs Norskekysten.

– Det er klart at fritidsfiskarar inkludert turistar står for eit vesentleg uttak av fisk i kystsona, seier prosjektleiar Jon Helge Vølstad i ei sak på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Prosjektet handla først og fremst om å utvikle metodar for å kunne anslå kor mykje som blir fiska og kva aktiviteten betyr for folk. Forskarane har brukt ei rekkje utfyllande metodar, som feltintervju, telefonintervju, fangstdagbøker og Fiskeridirektoratets turistfiskeregister.

Publisert: 24.06.2021 12:34

Sist oppdatert: 24.06.2021 12:37