Kort fortalt

Frp ligg an til å miste stortingsmandat

Ap og H kjempar om plass i Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
11.02.2021

NPK-NTB): Ap og Høgre krigar om det åttande stortingsmandatet frå Møre og Romsdal, medan Frp ser ut til å berre få med Sylvi Listhaug frå fylket, skriv Sunnmørsposten.

Fylket går frå ni til åtte mandat ved valet i 2021, og i ei måling Respons Analyse har gjort for avisa er det Arbeidarpartiets Åse Kristin Ask Bakke som ligg an til å ta det siste, føre Monica Molvær (H).

Dermed vil ikkje Frps fylkesleiar Frank Sve, som står på andreplass på lista til partiet, få plass. Sylvi Listhaug står på førsteplass, og Jon Georg Dale har varsla at han vil gå over til næringslivet etter valet.

Mandatfordelinga blir avgjord av styrkeforholdet partia imellom. På målinga beheld Høgre posisjonen som det største partiet i fylket, med 24,7 prosents oppslutning, medan Senterpartiet følgjer etter på 24 prosent.

Ved valet blir det valt inn sju direktemandat frå fylket, i tillegg til eit utjamningsmandat som blir delt ut basert på resultatet for heile landet. Det er berre direktemandata i fylket som kan bereknast ut frå målinga. Men Respons skriv at Ap i målinga har det siste mandatet, medan Høgre er nærast å ta det frå dei.

Arbeidarpartiet ligg på 16,7 prosent, medan Frp får 13,6 prosent. Om målinga var valresultat, ville dei sju direktemandata fordelt seg slik: To kvar til Ap, Sp og Høgre, og eitt til Frp.

Publisert: 11.02.2021 17:10

Sist oppdatert: 14.02.2021 22:18