Kort fortalt

Frp snur om sjøfolk

Frp vil styrke rammevilkåra for norske sjøfolk.

09.05.2017
NPK-NTB: Framstegspartiet har snudd og vedtatt at dei vil styrke rammevilkåra for norske sjøfolk. Norsk Sjømannsforbund vil at vedtaket blir sett i verk med ein gong.
– Dersom Frp har endra synspunkt frå avstemminga i Stortinget og no meiner dette er viktig, bør dei bruke makta dei har i regjering og få dette sett i verk med ein gong, seier leiar i Norsk Sjømannsforbund Johnny Hansen til .
Etter Frp-landsmøtet i helga er det fleirtal for ei offentleg utgreiing av Noregs handlingsrom som nasjonal- og kyststat til å kunne stille krav til norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Sjømannsforbund.
I desember i fjor derimot, stemte partiet mot eit mindretalsforslag i Stortinget om å gå for ei slik utgreiing.
– Då sa vi klart ifrå at dei dolka sjøfolka i ryggen. Men så er det slik at dersom folk er villige til å tenkje seg om å endre meining, må dei få lov til det, seier Hansen.
Næringsminister Monica Mæland (H) seier regjeringa ikkje vil gjennomføre ei slik utgreiing, og at ho ikkje vil innføre proteksjonistiske reglar på norsk sokkel.

Publisert: 09.05.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42