NPK-NTB: Tidlegare arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) overtar som ny administrerande direktør i Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL).
Eriksson kjem frå ei stilling i konsulentselskapet MSLGROUP Norway og overtar som toppsjef i NSL 12. juni.
Norske Sjømatbedrifters Landsforening er ei landsdekkjande bransjeforeining for fiskeri- og havbruksnæringa med medlemsbedrifter som er eksportørar, grossistar, foredlingsbedrifter, fiskemottak, slakteri, detaljistar og oppdrettarar.
Eriksson gjekk av som arbeidsminister i regjeringa Solberg i desember 2015. Han sit framleis i sentralstyret i Framstegspartiet.

Publisert: 22.05.2017 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42