Kort fortalt

Frydenbø til Ulsteinvik

Konsernet vil nærare den maritime næringa.  

Marius Rosbach
05.02.2021
Konsernet Frydenbø Industri opnar salskontor i Ulsteinvik og ser på Nordvestlandet som eit attraktivt område både for motorsal og serviceverksemd. Det kjem fram i ei frå konsernet fredag.
Frå før har dei avdelingar fleire stader, mellom anna i Oslo og Ålesund. Hovudkontoret ligg på Hanøytangen utanfor Bergen.
Med et kontor på Borgstein i Ulsteinvik vil dei kome nærare kundane sine i den maritime næringa i regionen, fortel Are Davidsen som leiar salsarbeidet med skipsmotorar.
Det familieeigde konsernet kan levere motorar og generatorsett i dei fleste storleiker med ein effekt på alt frå 95 til 10.000 kilowattimar. Dei kan også levere motorar til hydrogendrift eller hybride løysingar.

Publisert: 05.02.2021 17:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23