29 havområde definert som særleg verdifulle område (SVO) bør bli til 19, ifølgje eit nytt forslag frå ei ekspertgruppe.
I dag er 29 område definert som SVO-ar i forvaltningsplanane for norske havområde. Dette er ikkje verneområde, men område der det skal visast særleg varsemd.
Ei ekspertgruppe ved Havforskingsinstituttet går no inn for at vi skal ha færre og større SVO-ar, skriv Havforskingsinstituttet.
Dette vil dei gjere ved å slå saman og utvide fleire av SVO-ane. Til saman er det foreslått å redusere dei eksisterande 29 til 19.
Publisert: 17.06.2021 10:38
Sist oppdatert: 17.06.2021 10:39





