Kort fortalt

Frå 428 til 358 kommunar

Regjeringa og samarbeidspartia samde.

22.02.2017
(NPK-NTB): Regjeringa og samarbeidspartia er einige om ein avtale der talet på kommunar blir slanka til 358 frå 428 i dag. Nesten hundre kommunar blir slått saman.
Dei fleste av samanslåingane som er nedfelt i avtalen mellom regjeringspartia og støttepartia, skjer som følgje av fri vilje. I tillegg blir 13 kommunar slått saman med andre gjennom tvang, slik partia har moglegheit til gjennom unntaksmogelegheita dei har skaffa seg.
– Nokre stader har det vore eit sterkt ønske lokalt om éin sterk kommune, men der for eksempel ein kommune har sagt nei. Der har stortingsfleirtalet nytta seg av unntaksregelen. Den avtalen som no ligg føre, det er slik det blir, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) på ein pressekonferanse i Stortinget onsdag morgon.
Han poengterte at målet med kommunereforma, som er svært omstridd, er å skape "sterkare fagmiljø" og betre velferdstenester for innbyggjarane. Dette har "gode lokalpolitikarar" forstått og handla etter, meiner statsråden.
Omstridd reform
– Inga reform i Noreg har vore meir diskutert og greidd ut enn kommunereforma. Eg er glad for at eit fleirtal etter valet i 2013 var einige om at tida er inne for ei slik reform, sa Sanner.
Etter rundt to år med reformprosess er fasiten at 153 kommunar per dags dato har fatta positive vedtak om samanslåing. Av desse er det 94 som har funne seg ein "partnar" og går saman i 39 nye kommunar. Basert på fri vilje blir talet på kommunar redusert til 373, og med tvangssamanslåingane vil talet bli redusert til 358.
Partia kallar avtalen dei har komme fram til for ei løypemelding, og ikkje ei endeleg semje om reforma. Regjerings- og støttepartia opnar for at endå fleire kommunar kan finne saman om dei ønskjer det før sommaren.
KrF-nei til tvang
Kristeleg Folkeparti er ikkje ein del av fleirtalet som står bak tvangsbruken overfor enkelte kommunar, men kallar likevel reformavtalen ein suksess.
– Vi har følgt linja med fri vilje. Når nesten hundre kommunar slår seg saman gjennom fri vilje, så har dette vore ein suksess, sa Geir Toskedal (KrF) under pressekonferansen.
Alle representantane på pressekonferansen understreka at dei ventar fleire samanslåing framover mot sommaren, og at dei vil føre den same politikken etter valet til hausten som dei gjer no.
– Kommunereforma vil fortsette, og det vil framleis vere mogleg å finne seg ein partnar før sommaren. Det vil framleis vere behov for samanslåingar også etter reformperioden, sa stortingsrepresentant og komitéleiar Helge André Njåstad (Frp).

Publisert: 22.02.2017 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42