Dei samordnar dermed alle aktivitetar i byggebransjen gjennom fusjon. Den nye grupperinga får namnet Emineo Gruppa og dei forventer ein omsetnad i 2017 på 120 millioner kroner. Dette ifølgje ei pressemelding.
Emineo Gruppa vil verte ein komplett leverandør av bygg både for privatmarknaden og næringsmarknaden.
Vikestrand og Søvik AS har hovudkontor i Søvika i Haram Kommune og vart stifta i 1980 av dei tre gründerane Inge Søvik, Åge og Oddmun Vikestrand.
Trend Bygg AS og Emineo AS er selskap som er eigd av Sydvendt Invest AS og Tgu AS.
Gjennomføringa av fusjonen er sett i verk og er forventa gjennomført innan 3. kvartal 2017.
- Vi som starta og har drive Vikestrand og Søvik AS i lag i alle desse åra er no veldig glade for at vi har funne det beste viset å videreføre den gode kompetansen som er representert i selskapet inn i framtida. Vi ser fram til å bidra vidare i nokre år til som ein del av ei større og enda meir slagkraftig eining med betydeleg vekstpotensiale, uttalar Åge Vikestrand i pressemeldinga.

Publisert: 20.04.2017 15:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42