Kort fortalt

Får ros for kutt

Norsk fisk antibiotika-førebilete for EU.

02.03.2017
NPK: Dei 20 siste åra har oppdrettsnæringa kutta kraftig i antibiotikabruken. No løftar EU fram norsk laks som eit døme til etterfølging.
Medan norsk oppdrettsnæring i 1987 brukte over 1 gram antibiotika for å ale opp ein kilo fisk, brukar næringa i dag rundt 0,18 milligram per kilo fisk. Arbeidet med å redusere medisinbruken får no ros av EU, skriv Nationen. I ei ny felles anbefaling frå mattryggleiksorganet (EFSA) og legemiddeltilsynet i EU, blir norsk oppdrett løfta fram som eit førebilete.
– Noreg har gjort store anstrengingar for å redusere antibiotikabruken i akvakultur med dokumenterte resultat. Derfor er den norske erfaringa med i anbefalinga, seier forskar på infeksjonssjukdommar i EFSA Pietro Stella til avisa.
EU meiner at løysinga med å vaksinere i staden for å medisinere, er ein strategi det bør satsast på også når det gjeld landdyr.
Lakselusproblemet i norsk oppdrettsnæring blir ikkje nemnt i EU-rapporten.

Publisert: 02.03.2017 14:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42