Kort fortalt

Færre misser jobben

Færre varsel om oppseiingar i januar.

27.02.2017
NPK-NTB: Nav fekk varsel om moglege oppseiingar og permitteringar av totalt 2.900 personar i januar. Dette er meir enn ei halvering sidan i fjor.
1.100 av varsla i januar gjaldt oppseiingar. Til same tid i fjor fekk 3.100 varsel om oppseiingar.
– Vi ser ei fortsetting av trenden det siste halvåret med fleire varsel om permitteringar enn oppseiingar. I perioden med nedgang i oljenæringa har vi som oftast sett det motsette. At bedrifter no i større grad brukar permitteringar kan bety at næringslivet forventar betring i marknadssituasjonen framover, seier Nav-direktør Sigrun Vågeng.
Rogaland og Hordaland varslar framleis om flest oppseiingar og permitteringar, men betydeleg færre enn for eitt år sidan. Rogaland har hatt ein nedgang frå 1.900 varsel i januar i fjor til 560 varsel i januar i år. I Buskerud og Nord-Trøndelag kom det ingen varsel i januar.
51 prosent av alle varsla i januar kom frå industrien. Dette gjaldt totalt 1.472 personar.
Arbeidsgjevarar som planlegg masseoppseiingar eller permitteringar gir varsel om dette til Nav ein gong i månaden, og desse tala dannar grunnlag for statistikken. Det er ikkje alle varsla som resulterer i oppseiingar eller permitteringar, og det er berre bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst ti tilsette som må varsle Nav.

Publisert: 27.02.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42