Kort fortalt

Færre oljeledige

Tekna: Framleis grunn til uro i oljebransjen

12.06.2017
NPK-NTB: 70 prosent av dei arbeidsledige i oljebransjen har vore utan arbeid i meir enn eit halvt år. Sjølv om arbeidsløysa går ned er det ifølgje Tekna grunn til uro.
– Nedgangen kan vere i ferd med å flate ut, men vi ser med bekymring på ein høg del langtidsledige, seier Lise Lyngsnes Randeberg, president i Tekna, fagforeininga for høgt utdanna innan realfag, teknologi eller naturvitskap, til .
Teknas nye oljeundersøking viser at det er færre arbeidsledige no enn for eitt år sidan blant deira medlemmer i olje- og gassbransjen.
94 prosent er i jobb, samanlikna med 90 prosent på same tid i fjor. Delen ledige har gått ned med 1,3 prosentpoeng, frå 5,6 i mai i fjor til 4,3 prosent i år.
– Men krisa i oljebransjen er ikkje over, og éin ting bekymrar oss spesielt, seier Lyngsnes Randeberg og siktar til at 70 prosent av dei arbeidsledige har vore utan arbeid i meir enn seks månader.
– Dette er eit høgt tal, og betyr at arbeidsmarknaden framleis er vanskeleg. Tempoet med å få folk i jobb må ikkje reduserast. Derfor er vi glade for at regjeringa har foreslått 500 nye tiltaksplassar i revidert budsjett, seier Lyngsnes Randeberg.
Rundt 50.000 norske oljejobbar er gått tapt i nedturen, men no ser det ut til å snu – sjølv om det går tregt.

Publisert: 12.06.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41