Norske hotell hadde i februar i år 1,6 millionar overnattingar. Det er 2 prosent færre enn i same månaden i fjor, viser nye tal.
Dei nye tala frå viser at nordmenn stod for dei alle fleste overnattingane. Norske overnattingar utgjorde i februar i år 1,2 millionar. Det er 1 prosent fleire enn på same tid i fjor. Talet på utanlandske overnattingar har derimot gått ned med 12 prosent og utgjorde i februar i år 390.000 overnattingar.
Tala viser elles at det var ein liten oppgang på 1 prosent i samband med ferie og fritid, medan yrkesovernattingar og kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med høvesvis 6 og 3 prosent.
Også campingplassar og hyttegrender hadde færre overnattingar i februar i år enn i fjor. Campingplassane hadde totalt 131.000 overnattingar, medan hyttegrendene hadde 206.000. Det er ein nedgang på høvesvis 21 og 14 prosent.
Talet på utanlandske overnattingar på norske campingplassar gjekk likevel opp i februar i år gjekk opp med 35 prosent, medan norske overnattingar gjekk ned med 30 prosent.
Hyttegrendene hadde derimot ein nedgang i overnattingar både for nordmenn og utlendingar med høvesvis 23 og 7 prosent.

Publisert: 07.04.2017 14:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42