Kort fortalt

Færre seier ja til EU

Også støtta til EØS fell.

28.11.2022

Etter rekordoppslutning for norsk EU-medlemskap i mai er EU-skepsisen tilbake. Berre vel ein av fire vil at Noreg skal bli med i EU.

Andelen som ville svart nei dersom det var EU-val i morgon, er no på 55,8 prosent. Andelen som ville stemt ja, ligg på 27,2 prosent. Det er 8,1 prosentpoeng tilbake frå førre måling for jasida, skriv Nationen.

Tilslutninga til EØS-avtalen går likevel noko ned, der det i førre måling var 64,9 prosent som ville stemt ja til EØS-avtalen, om det var folkeavstemming i morgon. Eit halvt år seinare har prosentdelen falle til 58 prosent.

– Dette kan jo ha noko med at stadig fleire ser at tilslutninga til Acer gjennom akkurat EØS-avtalen, gjer at norske politikarar er makteslause i samband med straumprisane, seier leiar i Nei til EU, Einar Frogner.

Men i Europabevegelsen tek dei det med ro.

– Den langsiktige trenden er at jasida sakte, men sikkert går fram, og at jasida breier seg ut politisk. Venstre og Grøn Ungdom har slutta seg til jasida, og MDG er på veg til å følgje etter, seier Europabevegelsens generalsekretær, Fredrik Mellem.

Eit representativt utval på 1001 personar er spurde i målinga, som er gjennomført av Sentio. EU-barometeret blir gjennomført to gonger i året på vegner av Nationen og Klassekampen.

Publisert: 28.11.2022 07:58

Sist oppdatert: 28.11.2022 07:59