Ragnar foto marius 22
ÅLESUND: Luksusyachten som er et ombygd supplyskip, har i flere perioder ligget til kai i Ålesund, og ifølge yachtmeklere vært til utleie. Her fra et opphold i fjor. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Følgjer med på russer-yacht

Kystdirektøren er merksam på «Ragnar».

03.04.2022

Kystverket er merksam på at den ombygde supplybåten «Ragnar» har kome tilbake til Sunnmøre. Luksusyachten har sidan laurdag lege utanfor Valderøya, og skal vere på veg vidare til Malta, ifølgjeAIS-sporinga.

– Kystverket følgjer ekstra godt med på den russiske luksusyachten «Ragnar», i lys av situasjonen i Ukraina, seier kystdirektør Einar Vik Arset til NRK Møre og Romsdal.

Ragnar skal vere eigd av tidlegare KGB-agent og Putin-venn, og kom i søkelyset etter at det nyleg blei nekta drivstoff i Narvik. Tidlegare har yachten vore til kai i Ålesund i lengre perioder.

Bygd for røffe farvatn
Skipet er isklassa og kan difor segle i røffe farvatn som elles ikkje er tilgjengeleg. Om bord er det plass til 12 passasjerar i tillegg til eit mannskap på om lag like mange.

Utstyrt med både dieselmotor og mulegheter for elektrisk framdrift, har yachten ei rekkevidde på kring 6000 sjømil. Toppfarta er på 12 knop.

Publisert: 03.04.2022 13:58

Sist oppdatert: 03.04.2022 14:22

Mer om