Ragnar foto marius 22
ÅLESUND: Yachten Ragnar ligg torsdag til kai i Ålesund. Skipet blei opprinneleg bygd som supplyskip og gjekk då under namnet Sanaborg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Supplyskip fekk nytt liv som yacht

Det ombygde skipet som ligg til kai i Ålesund har ei heilt spesiell historie.

Marius Rosbach
13.01.2022

Yachten Ragnar ligg torsdag til kai ved Stornespiren i Ålesund.

Det knappe 70 meter lange skipet har ein heilt spesiell historie, og vart først bygd som supplyskip i 2012. I dag er fartøyet ein velutstyrt luksusyacht etter ei ombygging som var ferdig i 2020.

Arbeidet med å bygge om yachten tok meir enn to år og blei utført av Icon Yachts i Nederland, ifølgje nettstaden swzmaritime.nl.

Til sals for nær 700 mill.
Yachten skal vere eigd av den russiske forretningsmannen Vladimir Strzhalkovsky, men vart i fjor lagt ut for sal. Prisen er på 69,5 millionar euro – eller nærare 700 millionar kroner, ifølgje nettstaden superyachttimes.com.

«Ragnar» er utstyrt med det meste ein kan ønske seg av luksus som boblebad og badstue. Innreiinga er vikinginspirert og er samanlikna med det ein kan vente å finne i eit middelalderslott.

I tillegg er det gjort plass til utstyr ein kan ha det moro med til sjøs, inkludert eit helikopterdekk.

Bygd for røffe farvatn
Skipet er isklassa og kan difor segle i røffe farvatn som elles ikkje er tilgjengeleg. Om bord er det plass til 12 passasjerar i tillegg til eit mannskap på om lag like mange.

Utstyrt med både dieselmotor og mulegheter for elektrisk framdrift, har yachten ei rekkevidde på kring 6000 sjømil. Toppfarta er på 12 knop.

Ragnar yacht foto marius 33
TIDLEGARE SUPPLYSKIP: Yachten Ragnar var opphaveleg bygd av Royal Niestern Sander-verftet i Nederland. Skipet var eit fleirfunksjonsskip spesiallaga for oppdrag i grunne arktiske farvatn. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 13.01.2022 15:51

Sist oppdatert: 13.01.2022 16:10

Mer om