NPK-NTB: For første gang blir det lyst ut anbod på ei hydrogen-elektrisk ferje på riksvegnettet. Kontrakten gjeld sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik i Rogaland.
– Denne utviklingskontrakten legg eit økonomisk grunnlag for å pløye ny mark. Det er viktig for å gjere ferjedrifta vår grøn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.
Det var ein tilsvarande utviklingskontrakt som gjorde den første reine batteriferja i drift mogleg i eit ordinært samband, ferja mellom Lavik og Oppedal i Sognefjorden.
– Vi har allereie elektrisk ferjedrift på kortare strekningar. No ønskjer vi å utvikle nullutsleppsløysingar også på lengre og meir energikrevjande strekningar, der heilelektrisk drift ikkje er mogleg, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).
I tillegg til den hydrogen-elektriske ferja, blir det lyst ut ny kontrakt for sambanda Molde–Vestnes i Møre og Romsdal og Mannheller–Fodnes og Hella–Vangsnes–Dragsvik i Sogn og Fjordane. Her blir det lagt opp til løysingar der ferjene bruker elektrisitet med biodrivstoff eller LNG som alternativt drivstoff.
Dei elleve ferjene som inngår i utlysingsrunden torsdag, reduserer til saman CO₂-utsleppa med 30.000 tonn per år, ifølgje Vegvesenet.

Publisert: 13.07.2017 15:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41