Maritim Food Jan Brevik foto Marius Rosbach 11
INNTEKTENE VEKS: Maritim Food-sjef Jan Brevik kan gle seg over auka omsetning i fjor - men lønnsemda vart dårlegare. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

God auke for Maritim Food i fjor

Høgare inntekter – lågare overskott.

29.01.2024

Gjerdsvika-bedrifta Maritim Food auka omsetninga til 127 millionar kroner i fjor, men lønnsemda vart dårlegare, ifølgje Vestlandsnytt.

Omsetninga er den høgaste sidan bedrifta sidan bedrifta var nede i ein bølgedal for nokre år sidan.

Produksjonen av fiskepudding er dobla sidan dei fekk tilbake ein stor avtale for Norgesgruppen i 2022. Ein del av veksten skuldast også høgare prisar – og bedrifta merkar presset på marginane.

Dagleg leiar Jan Brevik anslår at eit driftsresultat kring 2,5 millionar, som han gjerne skulle sett hadde vore betre.

– Vi importerer som kjent ein del frå utlandet. Fisk får vi frå Noreg, men den auka også vesentleg i pris på grunn av kronekursen. Første halvår gjekk vi omtrent i null, men vi såg ei gledeleg og klar betring i andre halvdel av året. Så det var på ingen måte eit dårleg år, men min jobb er trass alt å aldri vere fornøgd, seier han – og legg til at han trur på betre resultat i 2024.

Publisert: 29.01.2024 10:27

Sist oppdatert: 29.01.2024 10:28

Mer om