Maritim Food Jan Brevik foto Marius Rosbach 11
GODT ÅR: Maritim Food-sjef Jan Brevik kan gle seg over salgsutviklinga for fiskepuddingen frå fabrikken i Gjerdsvika. Det gjer at 2022 økonomisk endar tett oppunder rekordåret i fjor. Marius Rosbach
Nytt

Står sterkare enn nokon gong etter kraftig motbakke

Fiskematfabrikk med lang historie treng fleire folk - og tek i bruk fleire timar av døgnet for å levere nok.

Marius Rosbach
27.12.2022

– Det har vore ei draumeutvikling, seier dagleg leiar Jan Brevik i Maritim Food når han skal summere opp situasjonen for fiskematfabrikken på slutten av 2022.

Gjerdsvika-anlegget som har lange tradisjonar for produksjon av fiskemat, har vore gjennom nokre svært tøffe år. At dei neste år kan sjå fram mot ny omsetningsauke og ei bemanning ein må fleire tiår tilbake for å finne tilsvarande, er på langt nær sjølvsagt.

– At det blei gjort forsøk på å knekke oss, og at vi har greidd å kome tilbake - og bli enno sterkare, er ekstremt gøy, seier Brevik.

– Heilt ellevilt
For å forstå entusiasmen må vi spole drygt tre år tilbake. Då hadde Sande-bedrifta nyleg missa ein storavtale med Norgesgruppen og produksjonen stod i fare for å bli lagt ned.

I sommar vann Maritim Food tilbake avtalen om å lage fiskepudding for den største daglegvareaktøren i landet – og sidan har salsutviklinga berre peika oppover.

Då bedrifta starta å levere fiskepudding att i sommar, var salet meir enn halvert frå nivået det var på for nokre år sidan. Berre eit halvår seinare, er det på god veg tilbake til gamle høgder.

Dei siste vekene har salet vore meir enn det doble av fjoråret.

– Salet, særleg i Kiwi-butikkane, er heilt ellevilt, seier han.

Maritim Food fiskepudding foto Marius Rosbach
OMNSBAKT: Fiskepuddingen frå Maritim Food kjem i ulike variantar. Salet i butikkane til Norgesgruppen har auka månad for månad sidan dei kom tilbake som leverandør i sommar. Foto: Marius Rosbach

Kundane har strøyma tilbake
Brevik legg ikkje skjul på at noko av det kjekkaste, er at det ikkje er eit resultat av kampanjar, marknadsføring eller gunstig plassering.

– Det er fordi puddingen er så god, seier han og smiler breitt.

Faktum er uansett at kundane har strøyma tilbake etter at Norgesgruppen fekk tilbake puddingen frå sin tidlegare produsent i hyllene. No blir det jobba for å auke salet også i andre store butikkjeder.

Treng fleire tilsette
Salsauken gjer at bedrifta no er oppe i 45 tilsette og treng fleire.

– Eg trur vi vil vere 50 personar litt inn i neste år, seier Brevik.

Han kan ikkje hugse sist bedrifta som har røter tilbake til 1932, hadde tilsvarande med folk i arbeid. Berre mot slutten av 2022 har dei teke inn seks nye tilsette, og reknar med å trenge to til fire nye på nyåret.

– Eg trur på volumauke og at vi må køyre fleire timar i døgnet, fortel han.

Tradisjonsrik bedrift

Bedrifta Maritim Food Gjerdsvika har røter tilbake til 1932.

Då blei det starta landhandel i kombinasjon med gardsbruk, som laga kjøt- og fiskehermetikk.

På slutten av 1940-talet tok dei inn anna fiskemat, og frå 1970-talet konsentrerte dei seg fullt og heilt om fiskeprodukt.

Maritim Food eldre produkt foto Marius Rosbach
LANG HISTORIE: I lokala står nokre av produkta utstilt. Husmor-kakene til venstre var populært blant utvandrar-familiar i USA. Den ekslusive bacalao-varianten til høgre var veldig god, ifølgje Maritim Food-sjefen, men for dyr å lage. Foto: Marius Rosbach

Jungeltelegrafen mest effektiv
Bedrifta opplever at jungeltelegrafen er mest effektiv når det gjeld å få tak på nye tilsette. Mange av arbeidarane er utlendingar, og Brevik legg ikkje skjul på at det er utfordrande å rekruttere.

– Vi forsøker å ha tillegg for kompetanse for å ta vare på dei flinkaste, men vi har ikkje mykje å gå på når det kjem til lønn.

Dei samarbeider óg med NAV og tek inn folk som har slitt med å få noko å gjere.

– Vi har ikkje høge marginar, så vi om vi må slåst mot dei som betaler godt, så har vi ei utfordring på dette området, seier han.

Lønnsemd langt over bransjesnittet
Maritim Food har hovudkontor i Fredrikstad, og er dotterselskap i sjømatkonsernet Insula med base i Lofoten.

Og nøkkeltalla er gode nok til at dei blir lagt merke til i Insula-systemet, der Brevik no leier all produksjonen i Norge.

– Det gir stoltheit at butikken går godt rundt, seier han.

I 2022 ligg Gjerdsvika-bedrifta an til ei omsetning på kring 110 millionar kroner, og Brevik reknar med at dei vil klare eit driftsresultat på kring 6 millionar.

Det betyr i tilfelle drygt fem prosents resultatmargin. Det er langt over snittet i bransjen, som truleg ligg på null til to prosent.

– Det er ikkje noko tvil om at vi har svært gode tal. Kanskje har det å gjere med storleiken, og at det er enklare å få til gode tal ved å vere små og ha god oversikt, legg han til.

Maritim Food Jan Brevik foto Marius Rosbach 22
VENTAR AUKE: Maritim Food-sjef Jan Brevik vil ta i bruk fleire av døgnets timar for å produsere nok framover. I tillegg til å auka sal av fiskepudding, håpar han bedrifta kan auke volumet av andre produkt. Foto: Marius Rosbach

Meir balansert ordrebok
Brevik påpeiker at Maritim Food er ein liten aktør i ein stor bransje. Då dei blei kjøpt opp av Insula, meinte storkunden Norgesgruppen at konsernet blei for dominerande, og skifta til Lerøy Seafood Group som leverandør av fiskemat.

Det gjorde at store delar av inntektene forsvann. I dag har bedrifta ei meir balansert ordrebok og er tilbake som fiskepuddingleverandør.

Brevik trur på auke i fleire segment.

– Vi har ein produktmiks som kan passe når folk får det litt strammare framover, seier han.

Dei lagar framleis makrell i tomat – som «går veldig bra», ifølgje Brevik – i tillegg til ulike dressingar på flaske og beger.

Publisert: 27.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 29.01.2024 10:26

Mer om