Maritim food innfelt jan brevik 33
NYE PRODUKT: Det har vore produksjon av fiskemat ved fabrikken i Gjerdsvika sidan 1950-talet. Dei lagar framleis fiskeboller, baccalaoprodukt og ulike dressingar. No har Maritim Food og dagleg leiar Jan Brevik laga «luksusfiskepudding» som snart kjem på marknaden. Foto:
Nytt

Tøff kamp i fiskematmarknaden

Nedtur for Maritim Food gir opptur for nordmørsbedrift. No jaktar Gjerdsvika-fabrikken nye kundar.

Marius Rosbach
12.01.2022

I fjor på denne tida hadde Maritim Food rekordaktivitet med 40 tilsette ved anlegget i Gjerdsvika.

I dag jakter dagleg leiar Jan Brevik for å sikre ny jobb til fleire tilsette, etter at ein viktig Coop-avtalen rauk utpå hausten.

– Utpå vinteren i fjor hadde vi svært mykje å gjere, mellom anna fordi vi hadde litt etterslep. På hausten missa vi fiskeboller og fiskepudding for Coop, som gjorde at vi hadde jobb til fem-seks færre tilsette, fortel Brevik til NETT NO.

Vi jobber med produktutvikling og håpar vi får inn nye avtaler
Maritim Food

Alt i alt meiner Brevik 2021 blei eit godt år, og dei klarte målet om ei omsetning opp mot 110 millionar. Rekneskapen er ikkje offentleg, men det blir «faktisk ganske så hyggeleg», fortel han.

Gjerdsvika-anlegget har lange tradisjonar for produksjon av fiskemat. Maritim Food har hovudkontor i Fredrikstad og er dotterselskap i sjømatkonsernet Insula med base i Lofoten.

Vil kjøpe frå eigen fabrikk
Årsaka til at Maritim Food missa Coop-avtalen i haust hadde med eigarkonstellasjonar å gjere. Etter at Coop kjøpte seg inn i Kristiansund-selskapet Norsk Matkvalitet, er det naturleg at dei vil kjøpe frå eigne anlegg.

– Vi jobber med produktutvikling og håpar vi får inn nye avtaler. Men samtidig er det ikkje så mange kundar å velje mellom i Norge, fortel Brevik.

Nokre år tilbake var det Sande-fabrikken som trekte det lengste strået då Insula-konsernet la om sin produksjon. Då blei Sunnmøre valt framfor Fredrikstad, der produksjonen blei lagt ned.

Nytt produkt med kvalitetsråstoff
I løpet av nokre veker kjem Maritim Food med eit nytt produkt på marknaden – ein gourmet fiskepudding som vil marknadsførast under Lofoten-namnet til Insula. Ein ny kvit pizzasaus kjem også på marknaden.

– Vi trur det er eit sakn i marknaden etter spesielt gode produkt med ekstra bra råstoff, fortel Brevik.

Elles blir det framleis produsert makrell i tomat for Lofoten-produkter ved Gjerdsvika-fabrikken. I tillegg lagar dei framleis fiskeboller, baccalaoprodukt og ulike dressingar på flaske og beger.

Oppving i Surnadal
Ein titt på rekneskapa til Norsk Kvalitetsmat i Surnadal på Nordmøre, viser eit solid oppsving i 2020-inntektene etter at dei fekk inn Coop på eigarsida året før.

Omsetninga gjekk frå 47 til 122 millionar frå eine året til det andre for familiebedrifta som blei starta opp i 1997. Tidlegare har dei mellom anna laga bacalao og fiskekaker til Coop sine kundar.

Publisert: 12.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 12.01.2022 11:06

Mer om