Kort fortalt
Godt år for Aurstad
Stor vekst i omsetninga.
10.01.2022
Aurstad fekk ei solid vekst i omsetninga i fjor, og rekneskapen endar i pluss, skriv Møre-Nytt.
Inntektene til entreprenørselskapet i Ørsta enda på mellom 290 til 300 millionar kroner. Året før omsette dei for 170 millionar og administrerande direktør Jo Stian Tverberg seier dei har all grunn til vere nøgd med 2021.

– Fleire middels store prosjekt skapte resultat og aktivitet for dei kring 90 tilsette, seier han til avisa.
Aurstad har meir breidde i aktiviteten no enn før, då svært mykje handla om vegarbeid. For augneblinken har dei mellom anna ein stor jobb med grunnarbeidet til ein trafostasjon for Statnett i Salten i Nordland.
Publisert: 10.01.2022 13:10
Sist oppdatert: 10.01.2022 13:13